Naturfag

Visste du at

Golfballer har ujevn overflate for å redusere luftmotstanden, dette gjør at ballen flyr lengre enn den ville gjort med flat overflate.

Om Naturfag

Naturfag handlar om korleis verda er skrudd saman, frå ørsmå partiklar til enorme galaksar. Det handlar om korleis liv er fine samspel av lys, vatn, planter og dyr. Naturfag forklarer korleis menneskekroppen virkar, i mange komplekse system. Det fortel oss om jordas historie, og om artar som levde her før. Naturfag let oss undrast om alt vi enno ikkje veit om naturen, og om korleis vi kan prøve å finne det ut.

Naturfag handlar også om korleis det moderne samfunnet gjer bruk av den fysiske verda. Naturfag hjelper oss med å laga trygge tunnellar, og let oss forutseie korleis veret kjem til å bli. Det hjelper oss med å finne og behandle sjukdommar, men også med å unngå å bli sjuke. Naturfag fortel oss korleis vi kan bruke energien i vind, vatn, olje, sol og avfall. Og saman med andre fag, kan naturfag hjelpe oss fram mot ei berekraftig utvikling. Det finns med andre ord eit utal varierte yrkesmulegheiter innan naturfag. «Hva kan jeg bli med realfag» skal vise dei fram.

Viss ein ønskjer å finne ut meir om korleis ulike yrke gjer bruk av naturfag, kan desse sidene vera til hjelp:

Relaterte læringsressurser

Filtrer etter: