Om oppgaven
Klimatoppmøte i skolen er ein gratis læringsressurs utvikla og dreve av Tekna, Teknologirådet og Klima- og miljødepartementet. Ressursen er laga som eit rollespel som simulerer eit toppmøte om global oppvarming og internasjonale klimaforhandlingar. Elevane deltek som representantar for delegasjonar frå ulike land, organisasjonar og bransjar, eller som journalistar. Rollane kan tenkjast å ha ulike yrke som er relevante i klimaforhandlingar: meteorolog, miljørådgjevar, politikar, journalist, forskar, geograf, samfunnsøkonom eller sivilingeniør (les meir om desse under «Aktuelle yrke» i venstremargen).
Rollespelet kan skape engasjement og gi auka kunnskap om klimaendringane og handlingsalternativ både lokalt og globalt. Gjennom opplegget får elevane auka kunnskap om klimautfordringar i ulike land, og må bruke dette til å diskutere handlingsalternativ. Dei må sette seg inn i andres situasjon og argumentere for dette i forhandlingane. Dei diskuterer utsleppsnivå, byrdefordeling, og korleis kvar og ein kan utgjera ein forskjell. Rollespelet kan bidra til å nå kompetansemål i naturfag, samfunnsfaga og norsk.
Klimatoppmøte i skolen finn du på klimamote.no.