Mulegheiter med kjemi: Bruk av plast i samfunnet

Denne filmsnutten viser eksempel på korleis kjemi blir bruka i samfunnet. Den tek for seg ulike typar plast og syntetiske fibrar, og korleis desse inngår i oppbevaring av mat, klesproduksjon, trygg og effektiv transport av vatn, og overflatebehandling av bygningar og transportmiddel. Filmen konkluderer med at kjemi er kreativt, inspirerande, og viktig for å bygge framtida og møte verdas behov.

Filmen kan brukast som appetittvekkar til arbeid med fenomener og stoffer, eller i samband med materialbruk i teknologi og design. Den kan også vera ein del av informasjon om kva kjemi handlar om til elevar som så langt berre har opplevd naturfag som fellesfag, der kjemi inngår saman med fysikk, biologi, geofag og teknologi.

Filmen har norsk tekst, men finns også på andre språk. Den er ein av mange filmar om ulike mulegheiter innanfor matematikk, naturvitenskap og teknologi. Du finn fleire filmar i serien på youtube-sida til produsenten EPCA (European Petrochemical Association) (hyperlink) https://www.youtube.com/user/EPCAnetwork/videos