Naturfag

Om Naturfag

Naturfag handlar om korleis verda er skrudd saman, frå ørsmå partiklar til enorme galaksar. Det handlar om korleis liv er fine samspel av lys, vatn, planter og dyr. Naturfag forklarer korleis menneskekroppen virkar, i mange komplekse system. Det fortel oss om jordas historie, og om artar som levde her før. Naturfag let oss undrast om alt vi enno ikkje veit om naturen, og om korleis vi kan prøve å finne det ut.

Naturfag handlar også om korleis det moderne samfunnet gjer bruk av den fysiske verda. Naturfag hjelper oss med å laga trygge tunnellar, og let oss forutseie korleis veret kjem til å bli. Det hjelper oss med å finne og behandle sjukdommar, men også med å unngå å bli sjuke. Naturfag fortel oss korleis vi kan bruke energien i vind, vatn, olje, sol og avfall. Og saman med andre fag, kan naturfag hjelpe oss fram mot ei berekraftig utvikling. Det finns med andre ord eit utal varierte yrkesmulegheiter innan naturfag. «Hva kan jeg bli med realfag» skal vise dei fram.

Viss ein ønskjer å finne ut meir om korleis ulike yrke gjer bruk av naturfag, kan desse sidene vera til hjelp:

Astronauthelse

Korleis blir kroppen til ein astronaut påvirka av å vera på den internasjonale romstasjonen (ISS)? Kva må astronautane passe på for å halde seg friske på ISS? Desse spørsmåla skal vi prøve å få svar på i dette undervisningsopplegget som ligg på naturfag.no.

Opplegget knyttar det særegne tilveret på ISS til korleis kroppen fungerer. Det tek for seg vektløyse og fritt fall, og ser for eksempel på kvifor astronautane kan bli kvalme på grunn av romsjuke. Elevane får utforske balansesansen og sirkulasjonssystemet, og dei får jobbe med korleis musklar og skjelett er bygd opp og virkar. Samtidig får elevane innblikk i livet som astronaut, og dei får sjå at folk som jobbar med fysiologi er viktige samarbeidspartnarar for astronautar.

Undervisningsopplegget inneheld blant anna praktisk utforskande arbeid, skriving av korte tekstar, og filmsnuttar som viser livet på ISS. Ressursen er delt inn i fleire delar som kan brukast kvar for seg. I tillegg til kompetansemål i naturfag, kan opplegget også egne seg til kompetansemål i kroppsøving (sjå Mål og veiledning).

Du finn ressursen på naturfag.no her.

Læringsressursen er utvikla av Abdul Basit Mohammad ved CIRiS (Centre for Interdisciplinary Research in Space).

Kropp og helse (8.-10. trinn)

Hovedområdet dreier seg om hvordan kroppen er bygd opp, påvirkes og endres over tid. Kunnskap om hvordan de ulike delene i kroppen virker sammen, er grunnleggende for å forstå hvordan livsstil påvirker kropp og helse. Kropp, helse, livsstil og ernæring omtales hyppig i mediene. Kunnskap og kritisk vurdering av informasjon på dette området er viktig for å kunne ta ansvar for egen kropp og for fysisk og psykisk helse. Respekt og omsorg for andre står også sentralt innenfor området.

Anvendelse av fagområdet Kropp og helse i yrkeslivet

Mange ulike yrkesgrupper arbeider innenfor området kropp og helse. Noen velger å jobbe i laboratorier, andre direkte med menneskene og andre igjen kombinerer interesse for teknologi med medisin. Det er altså mange yrkesmuligheter innenfor området, og spennvidden er stor.

For tips og informasjon om flere yrker innenfor realfag og Kropp og helse, gå inn på velgriktig.no

Lektor2: Jakta på eplejuice som ikkje skadar tennene

Samarbeid med den lokale tannklinikken i jakta på ein eplejuice som ikkje skadar tennene. Sjå korleis elevar på Kongerød ungdomsskole undersøkte syrenivå i drikkke, og lærte om syreskader på tennene hos Skien tannklinikk. Finn ein vri som passar til din skule og ditt lokalmiljø.

Dette er eit undervisningsopplegg frå Lektor2. Les meir om opplegget her.

Sjå rettleiing og erfaringar frå prosjektet på Lektor 2 sine sider.

Læreplan i naturfag
Etter 10. årstrinn
Forskerspiren
Kropp og helse
Fenomener og stoffer