Om oppgaven
Korleis blir kroppen til ein astronaut påvirka av å vera på den internasjonale romstasjonen (ISS)? Kva må astronautane passe på for å halde seg friske på ISS? Desse spørsmåla skal vi prøve å få svar på i dette undervisningsopplegget som ligg på naturfag.no.
Opplegget knyttar det særegne tilveret på ISS til korleis kroppen fungerer. Det tek for seg vektløyse og fritt fall, og ser for eksempel på kvifor astronautane kan bli kvalme på grunn av romsjuke. Elevane får utforske balansesansen og sirkulasjonssystemet, og dei får jobbe med korleis musklar og skjelett er bygd opp og virkar. Samtidig får elevane innblikk i livet som astronaut, og dei får sjå at folk som jobbar med fysiologi er viktige samarbeidspartnarar for astronautar.
Undervisningsopplegget inneheld blant anna praktisk utforskande arbeid, skriving av korte tekstar, og filmsnuttar som viser livet på ISS. Ressursen er delt inn i fleire delar som kan brukast kvar for seg. I tillegg til kompetansemål i naturfag, kan opplegget også egne seg til kompetansemål i kroppsøving (sjå Mål og veiledning).
Du finn ressursen på naturfag.no her.
Læringsressursen er utvikla av Abdul Basit Mohammad ved CIRiS (Centre for Interdisciplinary Research in Space).
Omgrep
Nokre viktige omgrep i denne læringsressursen er vektøyse, fritt fall, nervesystemet, sanseintrykk, sirkulasjonssystemet, minuttvolum og slagvolum (av blodet), måling, og observasjon.
Aktuelle yrke og rollemodellar
Aktuelle yrke og rollemodellar
Aktuelle yrke knytta til denne læringsressursen er astronaut, arbeidsmedisiner, forskar, lege. Vi har ingen rollemodell som er astronaut, så dei mest aktuelle rollemodellane er legar som til dømes Solveig Hagen og Siegfried Wenus eller medisinsk biolog Marit Aralt Skaug.