Medisinsk fysikk

Hva jobber en medisinsk fysiker med? Espen Rusten er stipendiat innen biofysikk og medisinsk fysikk på UiO. Her forteller han om hvordan fysiske prinsipper og teorier brukes i medisinfaget. Foredraget er laget for fysikkelever, men kan godt brukes også til elever i Vg1.

Solstorm og samfunn

I dette opplegget får elevane

  • lese ein fagtekst om naturfag og samfunn og trekkje ut relevant informasjon frå denne
  • lære om korleis solstormar virkar inn på samfunnet på små og potensielt store måtar
  • lære om yrke som jobbar med å forstå solstormar og førebu og løyse problem som kan oppstå pga. solstormar
  • innhente, tolke og trekkje slutningar frå naturfaglege sanntidsdata
  • bruke sanntidsdata om jordas magnetfelt til å vurdere om det er naudsynt å korrigere kompasset for å gjennomføre ei tenkt boring etter gass i Barentshavet
  • eit innblikk i korleis ein boreingeniør brukar naturfag i jobben sin

Undervisningsopplegget er utvikla av Naturfagsenteret i samarbeid med Magnar Gullikstad Johnsen ved Tromsø Geofysiske Observatorium, UiT – Norges arktiske universitet.

Ebola

Denne pedagogiske ressursen handler om ebola og er et tverrfaglig undervisningsopplegget i naturfag og matematikk.

I naturfagsdelen skal elevene undersøke hvordan vaksiner fungerer og risiko knyttet til vaksinering. I matematikkdelen skal elevene undersøke hvordan sykdommen ebola har rammet landene Guinea, Liberia og Sierra Leone ved å analysere datamateriale fremstilt med tabeller og grafer, og drøfte ulike årsaker til utviklingen.

Ressursen er bygget opp slik at matematikkdelen bygger på naturfagsdelen. Opplegget i naturfag bør derfor gjennomføres først.

I tillegg er det en film om en barnelege som forteller om sine erfaringer fra arbeidet i Sierra Leone:

Naturfagsdelen er hentet fra nettsiden: http://www.engagingscience.eu/no/ Der kan du også finne andre pedagogiske ressurser for naturfag.

Nordlysvarsling

I dette undervisningsopplegget får elevane

  • lese, tolke og bruke sanntidsdata til å varsle nordlys
  • bruke kunnskap om nordlys, magnetisme, sola og atmosfæren
  • lære om korleis fysikarar og meteorologar tek i bruk data frå satellittar og andre kjelder til å sette saman informasjon for forbrukarar
  • sjå eksempel på yrke der temaet for opplegget er relevant, og sjå portrett av rollemodellar som studerer eller jobbar med dette eller relaterte problemstillingar
  • forhåpentlegvis oppleva å sjå vakkert nordlys etter sjølv å ha varsla det

Læringsressursen er utvikla i samarbeid mellom NAROM (Nasjonalt senter for romrelatert opplæring), Hanne Sigrun Byhring (tidlegare UiT) og Naturfagsenteret.

Bilde: Nordlys over Saltstraumen. Foto: Synne Marie Solstad Tømmerberg

Klimatoppmøte i skolen

Klimatoppmøte i skolen er ein gratis læringsressurs utvikla og dreve av Tekna, Teknologirådet og Klima- og miljødepartementet. Ressursen er laga som eit rollespel som simulerer eit toppmøte om global oppvarming og internasjonale klimaforhandlingar. Elevane deltek som representantar for delegasjonar frå ulike land, organisasjonar og bransjar, eller som journalistar. Rollane kan tenkjast å ha ulike yrke som er relevante i klimaforhandlingar:  meteorolog, miljørådgjevar, politikar, journalist, forskar, geograf, samfunnsøkonom eller sivilingeniør (les meir om desse under «Aktuelle yrke» i venstremargen).

Rollespelet kan skape engasjement og gi auka kunnskap om klimaendringane og handlingsalternativ både lokalt og globalt. Gjennom opplegget får elevane auka kunnskap om klimautfordringar i ulike land, og må bruke dette til å diskutere handlingsalternativ. Dei må sette seg inn i andres situasjon og argumentere for dette i forhandlingane. Dei diskuterer utsleppsnivå, byrdefordeling, og korleis kvar og ein kan utgjera ein forskjell. Rollespelet kan bidra til å nå kompetansemål i naturfag, samfunnsfaga og norsk.

Klimatoppmøte i skolen finn du på klimamote.no.