Klimatoppmøte i skolen

Klimatoppmøte i skolen er ein gratis læringsressurs utvikla og dreve av Tekna, Teknologirådet og Klima- og miljødepartementet. Ressursen er laga som eit rollespel som simulerer eit toppmøte om global oppvarming og internasjonale klimaforhandlingar. Elevane deltek som representantar for delegasjonar frå ulike land, organisasjonar og bransjar, eller som journalistar. Rollane kan tenkjast å ha ulike yrke som er relevante i klimaforhandlingar:  meteorolog, miljørådgjevar, politikar, journalist, forskar, geograf, samfunnsøkonom eller sivilingeniør (les meir om desse under «Aktuelle yrke» i venstremargen).

Rollespelet kan skape engasjement og gi auka kunnskap om klimaendringane og handlingsalternativ både lokalt og globalt. Gjennom opplegget får elevane auka kunnskap om klimautfordringar i ulike land, og må bruke dette til å diskutere handlingsalternativ. Dei må sette seg inn i andres situasjon og argumentere for dette i forhandlingane. Dei diskuterer utsleppsnivå, byrdefordeling, og korleis kvar og ein kan utgjera ein forskjell. Rollespelet kan bidra til å nå kompetansemål i naturfag, samfunnsfaga og norsk.

Klimatoppmøte i skolen finn du på klimamote.no.

Naturfag

Om Naturfag

Naturfag handlar om korleis verda er skrudd saman, frå ørsmå partiklar til enorme galaksar. Det handlar om korleis liv er fine samspel av lys, vatn, planter og dyr. Naturfag forklarer korleis menneskekroppen virkar, i mange komplekse system. Det fortel oss om jordas historie, og om artar som levde her før. Naturfag let oss undrast om alt vi enno ikkje veit om naturen, og om korleis vi kan prøve å finne det ut.

Naturfag handlar også om korleis det moderne samfunnet gjer bruk av den fysiske verda. Naturfag hjelper oss med å laga trygge tunnellar, og let oss forutseie korleis veret kjem til å bli. Det hjelper oss med å finne og behandle sjukdommar, men også med å unngå å bli sjuke. Naturfag fortel oss korleis vi kan bruke energien i vind, vatn, olje, sol og avfall. Og saman med andre fag, kan naturfag hjelpe oss fram mot ei berekraftig utvikling. Det finns med andre ord eit utal varierte yrkesmulegheiter innan naturfag. «Hva kan jeg bli med realfag» skal vise dei fram.

Viss ein ønskjer å finne ut meir om korleis ulike yrke gjer bruk av naturfag, kan desse sidene vera til hjelp:

Bærekraftig utvikling (Vg1)

Sentralt i dette hovedområdet står utviklingen av kunnskap om og respekt for naturens mangfold. Kunnskap om biotiske og abiotiske faktorer i økosystemer er viktig for å forstå samspillet i naturen. Hovedområdet dreier seg videre om forutsetninger for bærekraftig utvikling, om menneskets plass i naturen, og om hvordan menneskelige aktiviteter har endret og endrer naturmiljøet lokalt og globalt. Feltarbeid legger et godt grunnlag for kunnskap om og holdninger på dette området.

Eksempler på anvendelse av Bærekraftig utvikling i ulike yrker

Alle yrker som omhandler naturen og naturressurser handler også om bærekraftig utvikling. Det finnes mange og varierte yrker fra mange ulike fagdisipliner som jobber med denne type utfordringer. Noen eksempler finner du her:

For tips og informasjon om flere yrker innenfor realfag og Bærekraftig utvikling, gå inn på velgriktig.no