Statistikk omfattar å planleggje, samle inn, organisere, analysere og presentere data. I analysen av data høyrer det med å beskrive generelle trekk ved datamaterialet. Å vurdere og sjå kritisk på konklusjonar og framstilling av data er ein sentral del av denne prosessen. I sannsynsrekning talfester ein kor stor sjanse det er for at ei hending skal skje. I kombinatorikk arbeider ein med systematiske måtar for å telje opp moglege utfall for å kunne berekne sannsyn.
Bruken av Statistikk, sannsyn og kombinatorikk i ulike yrke:
Mange yrkesgrupper brukar statistikk, sannsyn og kombinatorikk i sine arbeidsoppgaver. Til dømes er det for meteorologar viktig med statistikk for å sjå på temperaturforskjellar frå år til år.
For tips og informasjon om fleire yrker innafor realfag og Statistikk, sannsyn og kombinatorikk, gå inn på velgriktig.no