Hovudområdet tal og algebra handlar om å utvikle talforståing og innsikt i korleis tal og talbehandling inngår i system og mønster. Med tal kan ein kvantifisere mengder og storleikar. Området tal omfattar både heile tal, brøk, desimaltal og prosent. Algebra i skolen generaliserer talrekning ved at bokstavar eller andre symbol representerer tal. Det gjev høve til å beskrive og analysere mønster og samanhengar. Algebra blir òg nytta i samband med hovudområda geometri og funksjonar.
Bruken av Tal og algebra i ulike yrke:
Tal og algebra inngår i svært mange yrker som krev realfaglig og/eller teknologisk utdanning. Både ingeniørar og sivilingeniørar jobbar ofte med konstruksjonar der kunnskap om tal og algebra er vesentleg.
For tips og informasjon om fleire yrker innan realfag og Tal og algebra, gå inn på velgriktig.no